top of page

Reservedelar og hasteoppdrag

Ein utsliten eller skadd mekanisk del kan stoppe produksjonen sjølv om resten av maskina fungerer. Positive Edge AS vurderer maskinering av erstatningsdelar etter teikning, og om ein eksisterande del kan nyttast som målegrunnlag. Døme er akslingar, foringar, gjengete delar og hylser.

Kan ein del lagast utan originalteikning?

Ein prøvedel kan gi nyttig informasjon, men slitasje, deformasjon og brot kan ha endra dei opphavlege måla. Passingar, materiale, hardleik, gjenger og funksjon må avklarast. For delar med kritisk funksjon eller tryggleiksansvar krev vi eit tilstrekkeleg, avklart teknisk grunnlag.

Kva gjer eg dersom det hastar?

Ring eller send ei førespurnad med bilete, mål, materiale, tal delar og når utstyret må vere i drift. Vi vurderer kapasitet og realistisk levering før oppdraget blir akseptert. Vi lovar ikkje døgnberedskap eller fast responstid.

bottom of page