CNC-fresing av mekaniske delar
Status: Planlagd tilgjengeleg frå 1. februar 2027. Produksjonsstart blir stadfesta når maskina er i drift.
Positive Edge AS førebur CNC-fresing i eigen verkstad i Tennfjord med eit vertikalt maskineringssenter. Vi planlegg allsidig produksjon av delar med denne maskina. Plane flater, holbilete, spor, lommer og 3D-konturar. Dette kan vere brakettar, monteringsplater, flensar, maskindelar, prototypar og mindre seriar.
Kva avgjer om ein del passar for CNC-fresing?
Ytre mål er berre eitt av fleire omsyn. Delen må kunne spennast trygt opp, og verktøyet må nå dei flatene som skal bearbeidast. Hol med stor djupn, smale spor og små innvendige hjørner kan krevje særskilt verktøy eller ei anna produksjonsløysing.
Planlegg komande oppdrag
Har du eit oppdrag som skal utførast etter planlagd oppstart, kan du sende oss teikning, materiale, mengd og ønskt levering. Vi vurderer behovet, men stadfestar ikkje levering eller maskinkapasitet før utstyret og arbeidsopplegget er avklart.
Ofte stilte spørsmål
Er CNC-fresen i drift no?
Nei. Tilgjengeleg er planlagd frå 1. februar 2027.
Kor mange aksar har fresen?
3 aksar. Send dimensjonane på delen så kan dei vurderast.
Kan de frese og dreie same komponent?
Kombinerte operasjonar kan vurderast når fresen er i drift. Oppspenning og samla kapasitet må avklarast.
